Hoppbakken i Bavallen
Bavallen har lange tradisjonar i norsk hoppsport. Hoppbakken vart opna i 1953. Første NM i hopp og kombinert var i 1955. På hopprennet var det då 6000 betalande tilskuarar.
Vidare på 50 talet var det faste internasjonale renn i bakken. Kvart år i slutten på 50 talet var det finske landslaget på plass med kjende namn som : Kirjonen, HyvarinenKankonen med fleire . Arne Hoel, Simon Slåtvik og Kjell Kopstad var gode norske.
7. april 1957 hoppa Kjell Kopstad 103,5 m , det lengste hoppet på norsk snø på den tid. Under NM 1964 var det 12000 tilskuarar med kong Olav på plass i bakken. Under NM 1967 vann Bjørn Wirkola . Han og Toralf Engan hadde då flyttabakkerekorden til 104,5 m. Vidare vart det arrangert junior NM 1978 , då i nybygd bakke. Knut LeoAbrahamsen sette ny bakkerekord med 87,5 m. B NM vart arrangert i 1982. Frå det året vart det arrangert NC jamleg kvart år framover .
Europacup i 97 med Toni Nieminen som vinnar. Senior NM i 2012 , der Anders Jakobsen vann suverent. Anette Sagen vann kvinneklassen. Då var bakken utvida til HS 105m. Jan Schmid fekk bakkerekord med 107,5 m.
Vinteren 2015 var det 2,5 – 3 m snø oppe i tilløpet . Då gjekk det eit snøras og raserte heile tilløpet med avsatsar sporutstyr, vant. Me fekk naturskademidlar og satsa på full rehabilitering av tilløpet med nytt issporsystem – Top Speed, frå Mana Slovenia. Ny varmebu og rom for utstyrskontroll er bygt i sommar . Nytt toalett er på plass i dommartårnet. Trekket er nyresturert. Vant er forlenga oppover mot hoppet.
Jr NM vart gjennomført i 2019 for kvinner og menn. Og no venter NC 21. og 22.mars for kvinner og menn. Pr i dag med gode snøtilhøve.
Velkomne til Bavallen og NC